Ein duk som får meg i vårstemning. Har laga duk og løpar etter eit mønster av AnnaKa.
Skal vise løparen ein annan dag.
onsdag 27. februar 2013
lørdag 2. februar 2013
Lyslykter
I vinter har det vore veldig kaldt, veldig lenge.Då har det vore kjekt å ha lyslykter framfor inngangspartiet. Har brukt to bytter til å lage lyktene, men så såg eg eit tips på Moseplassen korleis ein kan lage dei med ballongar.
LØPAR
Har sydd ein løpar av ein hekla, oval serviett og ei lita brikke. Servietten har eg sydd fast midt på løparen og quilta rundt. Brikka har eg delt i fire og plassert dei i hjørnene. Har pynta litt med blonder.
mandag 21. januar 2013
BOLLAR
På quiltemøtet no i januar hadde eg med mat og kaffi. Då lagde eg bollar. Fikk mange positive kommentarar på bollane. Lovde at eg skulle få lagt oppskrifta ut på bloggen til Gloppen lappe og quilteklubb, men kanskje den kan ligge her og?
Oppskrifta har eg funne på nettet ein gong for lenge sida..........
175 g. smør
1l. lunka vatn
1 1/2 pk. gjær
ca. 2 kg.kveitemjøl ( eg har brukt spelt)
250 g. havremjøl
150 g. havregryn
100 g. havrekli
150 - 250 g. sukker (eg brukar brunt sukker)
2 ts. salt
1 ss. kardemomme
3 stk. revet gulrot
2 stk. epler i terningar
hakka valnøtter
3 dl. rosiner
Hev, trill ut ,pensle med egg, steik i 10-15 min, ca 230 grader.
Bollane er gode med brunost
Håpar det smakar
Oppskrifta har eg funne på nettet ein gong for lenge sida..........
175 g. smør
1l. lunka vatn
1 1/2 pk. gjær
ca. 2 kg.kveitemjøl ( eg har brukt spelt)
250 g. havremjøl
150 g. havregryn
100 g. havrekli
150 - 250 g. sukker (eg brukar brunt sukker)
2 ts. salt
1 ss. kardemomme
3 stk. revet gulrot
2 stk. epler i terningar
hakka valnøtter
3 dl. rosiner
Hev, trill ut ,pensle med egg, steik i 10-15 min, ca 230 grader.
Bollane er gode med brunost
Håpar det smakar
Abonner på:
Innlegg (Atom)







