tirsdag 24. november 2015

Pose til stearinlys

 Her har eg brukt decoupage på ein liten pose. Motivet er i frå ein serviett.
Kan vere ei fin lita gave.

søndag 22. november 2015

Veskeplast på liten sminkepung

 Her har eg kosa meg med ting eg ikkje har prøvd før.
 Strødde paljettar på eit svart linstoff, la over litt lilla garn og til slutt veskeplast med lim på. Den skal strykast fast til stoffet med strykejern. Husk matpapir imellom plast og strykejern  ;) Når det var gjort låg paljettane og garnet heilt fast, men eg valgte å quilte litt før eg sydde på skråband og glidelås.
Vanskelig å få gode bilder.......men, men.

tirsdag 10. november 2015

Ny veske

 Har vore på kurs med Brita Rundgren i helga. Lommen på fronten er dekorert med ei rose i stoffmaling i sølv, raude perler og sølvtråd som er sydd med stoppefoten.
 Har pynta veska med perler og anna pynt.

Baksida

tirsdag 3. november 2015

Englar

Englar sydd med krympestoff. Fine stoff i kobber som er kjøpt på Fantasi. Vingane er laga av tyll, blonde og ein gammal liten duk.