onsdag 27. februar 2013

Snart vår ?

Ein duk som får meg i vårstemning. Har laga duk og løpar etter eit mønster av AnnaKa.
Skal vise løparen ein annan dag.

Tepause

Her har eg sydd ein mugrug av grå restestoff og pynta med litt blonder og ein bit av ein hekla serviett.

MOGAN

Vakkert......................

lørdag 2. februar 2013

Lyslykter

I vinter har det vore veldig kaldt, veldig lenge.Då har det vore kjekt å ha lyslykter framfor inngangspartiet. Har brukt to bytter til å lage lyktene, men så såg eg eit tips på Moseplassen korleis ein kan lage dei med ballongar.

LØPAR


Har sydd ein løpar av ein hekla, oval serviett og ei lita brikke. Servietten har eg sydd fast midt på løparen og quilta rundt. Brikka har eg delt i fire og plassert dei i hjørnene. Har pynta litt med blonder.