onsdag 12. juni 2013

Mugrug

Har sydd mugrug til nokre fine koppar

Slumreteppe

Gubben i huset har blitt 50 år! Han er ein sprek kar, men no når han er blitt 50 trur eg det blir maaaange middagslurar. Då treng han eit teppe til å ha over seg. I teppet er det bilder av viktige ting som har hendt han. Eit mimreteppe kan vere godt å ha etterkvart :)

søndag 2. juni 2013

Tennbrikettar

Har dekorert 2 boksar. Den eine med bilde, band og perler. Den andre har eg brukt "omvendt" aplikasjon på. Eg har lagt innunder ei gardin og to forskjellige dukar og pynta litt med perler.

SOMMAR

I dag regnar det, men no er det sommar. det har vore fin temperatur lenge no. Plantane har komt seg etter ein kald vinter. Her er ein Levisia som står i blomst. Den klarte seg i vinter og er like fin som alltid når den blomstrar.

No kan vi vel rydde vekk vinterkledene? Har hekla pulsvarmara. Bildet blei tatt 16 mai og fotomodellen var klar til feiring av 17 mai. Har strikka tjukkelester med eit melert garn som heiter Jærbo. Likar egentlig ikkje å strikke lester, men det var litt moro når ein såg korleis mønsteret blei etter kvart som ein strikka.