fredag 9. august 2013

KATEDRALVINDU

 Har kjøpt meg ein linjal med Ingun på Primula Design. Med den kan du sy katedralvindu.
 Her er ein prøvelapp. Ein kan sjå at rutene er ovale. Det blir dei med denne linjalen. Ein kan kombinere dei med store og små kvadratiske ruter. Då kan ein få fine mønster. Eg har ikkje laga det, men har sett det på andre bloggar. Det kan bli fine tepper eller liknande. Denne prøvelappen blir nok ei toalettveske. Ein gong.....
Det er fleire måtar og sy katedralvindu på. Både handsaum og med symaskin. Alt etter kva ein likar best.
 Her er ei lita nålpute. Det skulle vere ei lita gave. Den var kjapp å sy. Fann den på diaryofaquiltmaven.blogspot.no
Her er eit gammalt veggteppe. Har kombinert papirsaum og katedralvindu.

Saum over papp

 1 ferdig blokk  !! Det kan bli ei pute dersom eg ikkje orkar sy meir.
 Starten på ei blokk til.
Her er ei blokk ferdig, to som eg har starta å sy på. Det kan bli ein løpar når alle tre blokkene er ferdige. Men eg har som mål å sy 9 stk !!!! So får tida vise kva det blir til.

I sommar var eg på tur til Oslo. Då måtte eg innom Kathrines Quilte Stue. Der hadde dei utstilt ein nydelig fin duk. Men eg sa klart i frå at saum over papp ikkje var noko for meg, men......
Den som reiste heim med masse stoff, malar og diverse anna, det var meg.

Hadde litt startvanskar. Då kontakta eg Elin. Ho hjalp meg. Kom med gode råd og tips. Og då var det bare å sy i vei. Det er faktisk ein kjekk teknikk. Det hadde eg aldri trudd eg skulle sei, men det er sant. Stikk innom bloggen til Elin. Ho har sydd mykje over papp.  http://www.lappetausa.blogspot.no/

Eg håpar eg klarer å sy alle 9 blokkene. Skal blogge om det etter kvart...............

SPISEBRIKKER


Har sydd 5 spisebrikker. Mønsteret er AnnAKa sitt . Det har stått i Quiltemagasinet.

TØFFLER

Det går raskt mot den tida at vi treng tøffler. Då er det greit å ha dei klare. Strikka i melert Fritidsgarn.

Merkelige greier :(  Når eg skriv innlegga so ser eg at overskrifta er tøffler med ø, men når det kjem på bloggen so står det med o .

Pulsvarmarar

 Har hekla pulsvaramarar i ein blågrå farge med sølvtråd i. Fin effekt. Garnet er kjøpt på Daiva sin butikk.
Her var det ein liten luring som ville vere med på bilde. :)

SYLTE

Har laga sylte. To nye sortar. Den eine med rips og nektarin. Den andre sylta er med stikkelsbær, druer, kiwi, kanel og lime. Den var kjempegod ! Kjekt å prøve nye smakar.