fredag 30. september 2016

Appelsin-salat

 Appelsinsalat er eit mønster ifrå Bente Malm. Eg har valgt turkise fargar og kvite stoff med sølvmønster på.

 Mykje quilting på duken, men det blir ein fin effekt på den.
Sølvmønsteret på stoffene viser ikkje so godt på bildene, men viss du klikkar på bildet for å forstørre det so viser det veldig godt. Alle stoffa er kjøpt på Fantasi.
 Duken er sydd med mini quick curve linjalen. Det er ein kjekk linjal å bruke. Kosar meg med den.

onsdag 28. september 2016

mandag 26. september 2016

TTT

 TING TAR TID. Har ikkje vore flink med å blogge i sommar. Men har sydd masse fordi det har vore eit supert syveir. ( dvs at det stort sett har vore vått og surt) Har tatt masse bilder av det eg har sydd og litt av det som blomstrar i hagen. So det skal komme mange bilder no framover og no er det bare 3 mnd til jul so det blir vel litt produksjon av julegaver og no........









Mugrug

 Sydd mugrug som passar til desse koppane. Tildastoff og gamle hekladukar.