søndag 27. november 2016

Unisex

 Toalettveske til ein bilgal ungdom. Dette er framsida med ein glidelåslomme framme.
 På baksida ha eg brukt bilstoffet
Denne bilen og det svarte stoffet var utgangspunktet for å sy denne greie toalettveska i frå My quilt. No har eg laga meg ein pappmal slik at det er enklare når eg skal klippe ut forma på veska. Det er den andre veska eg syr. Blir nok fleire. :)

fredag 25. november 2016

3 stk adventskalendarar


 Ein liten kar som gledar seg til jul
 Skal nok lever månge julegaver.
 Snøen på taket er litt av ein gammal damaskduk.
 Røyken ut av pipa er nuperelle kjøpt for leeeenge sida.

Då er det klart til å henge opp pakkane. Ikkje so enkelt å få tak i so månge sølvringar. Skulle ha 72 og dei fleste butikkane som eg var innom hadde bare messingringar, men det ordna seg :)

tirsdag 15. november 2016

Julespisebrikker

 Endelig ferdig med alt på spisebrikkene. Mønster er av AnnAKa og eg trur det heiter Musevisa.
 Trur det har gått miiiinst 100 år før eg blei ferdig med alt på brikkene. Mykje plukk. Små detaljar som eg alltid syns er kjedelig, men som eg samtidig veit må på plass for at det skal bli bra.





Uansett ......... musene er no koselige då ;) Glad for at dei blei ferdige til denne jula.

torsdag 3. november 2016

Nålepute og mugrug

 Nålepute med katedralvindu

Hjertemugrug. Lukkekanten er skråband med blonde på.

onsdag 2. november 2016

Strie

 Julestrømpe av strie og fora med bomullstoff. Pynten er blonder og band. Rosetten er pynta med ei perle i midten. Månge år sida eg har sydd med strie, men syns egentlig det er eit fint matriale og bruke. Blir fint når ein pyntar med blonde og lyse stoff.


 Ein pose til å ha ting og tang oppi. Pynta med blonder og eit hjerte.
 Innerstoffet er av bomull.
Hjerte er laga av silkisleire. Dekoren på hjertet er eit stempel som eg har kjøpt for lenge sida til bruk av Paintstik.