lørdag 31. januar 2015

torsdag 29. januar 2015

Mugrug

 Årets julegave. Desse var kjekke å sy. Lagde nesten 20 stykker. Her er bilde av nokre få.

Spisebrikker

 Spisebrikker til ei frøken som er glad i å lage cupcakes. Ikkje det beste bildet, men, men.....


Pynta med knappar

torsdag 22. januar 2015

Fiskebollar :)

 Har sydd trekk til nokre blekkboksar. Greie til å ha blyantar eller liknande opp i.





søndag 18. januar 2015

Vår i lufta ??

 Det er kjekt å sy ein vårlig løpar når sola skin. Ein merkar at det går mot lysare tider. Denne løparen stod i siste Quiltemagasinet. Eg har brukt Tildastoff som eg har kjøpt på Bademiljø Sandane. Kjekk å sy. :) Kun montering igjen.
Ute i hagen er plantane klare for våren og. Løkplantane er komne opp no. Litt tidlig, men håpar det går bra. Her er ei julerose som står i knopp.

tirsdag 13. januar 2015

Kvit duk

 Ikkje so enkelt å ta bilde av ein kvit duk. Men det er sydd isaman eit stripesett og sydd inn i eit stykke linstoff og pynta med blonder.


Julegave

 Har sydd spisebrikke og pose til å ha på kjøkkenet. Hjertet som eg har pynta med her er eit trehjerte som heng på posane ( med fløtekarameller eller brente mandlar nam, nam :) ) ein kjøper på apoteket før jul.
 Spisebrikkene. Etter ein ide av Anne Beier Finnestad

tirsdag 6. januar 2015

GJENBRUK

 Ei gammal uniformsjakke blei til ei toalettveske.
 Lommar på begge sidene. På denne sida er det lukning med knappane i uniforma
På denne sida er det glidelås. Mønster : Hanne Schneider. Veldig kjekt med gjennbruk.

mandag 5. januar 2015

Pose

Alltid kjekt å sy posar. Dei kan brukast til so mykje. Feks. telys, såper, teposar, ting og tang på badet...........

Pulsvarmar

 Pulsvarmara i ullgarn. Fargen kom ikkje heilt til sin rett her, men det er ein nydelig blåfarge.

fredag 2. januar 2015

Meir Timotei

 Aplikasjon, stoffmaling, perler og litt effektgarn.

Her har eg brukt eit litt artig stoff. Stoffet består av kun "bling". Veit ikkje heilt korleis eg forklare det anna enn at det er tett i tett med bling i metervis. Kan klippe det i den forma ein ynskjer og so er det bare å sy det fast til det du vil. Eg har pynta linstoffet med blingen pluss kroklisser og lilla garn som eg har sydd på.

Julepynt

 Litt på etterskudd med å vise fram julepynten :)
Men syns dei er so fine at eg må vise dei fram. Kanskje noken blir inspirert til å sy dei no so er dei klare til jula 2015. Alltid lurt å starte tidlig. Det tenkjer eg kvar januar, men det blir like mykje stress kvart år.

torsdag 1. januar 2015

Timotei igjen

 Var på kurs med Anne Beier Finnestad i haust. Då brukte vi stoffmaling. Eg hadde gløymt kor kjekt det er med maling so no blir det vel maling på litt av kvart framover.
 Det kan bli fint med litt saum og perler på


Eg likar å pynte glidelåsen og.

GODT NYTT ÅR 01.01.15.

 Startar året med å vise nokre bilder av peparkakehuset som "manjen i huset" lagde til jula 2014.
 Nytt av året var sleda som vi kunne ha opp i julegodter.
Eit "flyfoto" av juletre, utedo, slede, nissen og huset.