lørdag 7. desember 2013

Lita toalettveske

Toalettveske som er enkel å sy. Glidelåsen er enkel å sy i og det ser fint ut. Mønster av AnnAKa.

TING OG TANG





 Enkle gryteklutar. Ide i frå http://anne-grethe.blogspot.no/
Julepynt: Har sydd i saman stoffremser og pynta med blonder , band og perler.

Ikkje så lurt å legge kvite stjerner på kvit snø. Stjernene er sydd av ei blondegardin og pynta med perler.

SPISEBRIKKER

 Her har eg brukt lin og ein gammal duk som er kjøpt på loppemarked. Pynta med perler og knappar.

Ein liten juleduk

Spisebrikker

 Raude stoff og lin ilag med eit motivstoff. Då kjem julestemninga fort.


ADVENT

 På stova har eg lilla adventsduk. Denne er etter eit mønster av Bente Malm.Likar å bruke Angelina, men eg har ikkje med blomstrane som var på mønsteret.
 På kjøkkenet har eg ein raud løpar. Det er fordi det ikkje passar med lilla til kjøkkengardinene mine. (syns eg då )
Koselig med snø på sprossene. Englekoret er på plass. Det har smånurkene mine laga for lenge sida. (Smånurkene mine er 17, 20 og 22 år no)

fredag 6. desember 2013

4. desember

 Roser og stauder blomstrar fortsatt, sjølv om det er desember. Eit lite dryss med snø er komt på rosa.



JULESTEMNING

 Mykje snø rundt inngangspartiet. I dag er det 6. desember og to dagar etter at eg tok bilde av staudene og rosene.
Koselig med snø på sprossene i vinduet.