mandag 29. januar 2018

Unisex toalettveske


Toalettveske sydd av fine stoff kjøpt på Fantasi. Mønsteret er ifrå eit Myquilt hefte.

fredag 29. desember 2017

STRIE, BLONDER OG PERLER

 Pynt på ei lita toalettveske. Likar veldig godt strie og blonder. Synest det passar so godt i lag. Og perler har eg alltid likt so då må der vere litt av det og ;)
 Har avslutta glidelåsen med eit yoyo hjerte med perle i midten.

torsdag 28. desember 2017

Lin og kvite stoff

 Juletre av lin på mugrug
 Her har eg brukt ein halv strikka serviett. Kanskje det blir to mugrug til?
 To hjerteknappar som pyntar opp posen

onsdag 23. august 2017

Resteteppe

 Har laga eit resteteppe til Lisjefrøkna.
 Månge blokker på 9x9 inch. Dei er sydd på avispapir som eg reiv vekk etter at eg hadde sydd på mellomverket. Då er det lurt å sy med tette sting og ei stor nål. Enklare å rive vekk papiret
 Det svarte mellomverket er på 3x9 inch og då er sjølvsagt dei lilla rutene 3x3 inch

 Baksida er det ei gammal gardin som er brukt. Greit å bruke slikt stoff når det er eit teppe som skal brukast ute på marka. då heng ikkje graset so lett fast.
Då er det klart til soling ;)

fredag 18. august 2017

Løpar i spreke fargar

 Ein løpar som er inspirert av ein gammal tapet. Den er ikkje lik tapeten, men det er det som er moro. Du ser ein ting og so blir det eit heilt anna uttrykk etter kvart som du skapar noke av det du såg
 Firkantane er i forskjellige størrelsar. Store, små, lange og kvadratiske.
 Eg har kosa meg med quiltinga.  Har brukt stoppefoten og sydd uten noke mønster. Har bare brukt firkantane som inspirasjon og sydd på frihand over heile løparen

 Eg har quilta med forskjellige fargar i lag med den kvite tråden. Her er det turkis
 Har brukt turkis, rosa, oransj og gul tråd til quiltinga.

tirsdag 15. august 2017

Til Ting og Tang

 Mønster frå AnnAKa med min eigen vri.
 Istadenfor å brodere blomster har eg sydd med stoppefoten. Tråden er melert og etterpå har eg sydd på perler
 Litt arbeid med å sy på alle perlene ;) So er det å håpe at eg har sydde dei godt nok fast, slik at ikkje alle perlene trillar vekk viss tråden raknar.

lørdag 5. august 2017

Små vesker

 Mønster av AnnAKa. Greie klemmepongar
 Blomstrane er broderte med div sting. Veldig greie å sy