mandag 21. januar 2013

BOLLAR

På  quiltemøtet no i januar hadde eg med mat og kaffi. Då lagde eg bollar. Fikk mange positive kommentarar på bollane. Lovde at eg skulle få lagt oppskrifta ut på bloggen til Gloppen lappe og quilteklubb, men kanskje den kan ligge her og?

Oppskrifta har eg funne på nettet ein gong for lenge sida..........

175 g. smør
1l. lunka vatn
1 1/2 pk. gjær
ca. 2 kg.kveitemjøl ( eg har brukt spelt)
250 g. havremjøl
150 g. havregryn
100 g. havrekli
150 - 250 g. sukker (eg brukar brunt sukker)
2 ts. salt
1 ss. kardemomme
3 stk. revet gulrot
2 stk. epler i terningar
hakka valnøtter
3 dl. rosiner

Hev, trill ut ,pensle med egg, steik i 10-15 min, ca 230 grader.

Bollane er gode med brunost

Håpar det smakar

Rocky på fjelltur

I haust var vi på fjelltur i Rugsund.Flott utsikt!

snøkrystallar



Kom over nokre fine snøkrystallar når eg var ute på tur idag. Ikkje heilt enkelt å vise det på dataen, men eg måtte prøve.

GJENBRUK

Desse to putene er sydd av 1 skjørt, ein bluse, to gardiner, ei dressbukse.
Bak gardina som er transparang ligg ei lysegrå dressbukse.Det gjer at blomstermotivet blir framheva.Har laga ein løpar og to puter til i samme stoffene, men dei har eg ikkje bilde av. Gløymde det før eg sende dei ifrå meg.

VINTERDAG

Ein vakker dag i Gloppen.

Pepperkakehus

"Manjen" i heimen lagde pepperkakehus til jula 2012. Det har vore ein "god, gammal" tradisjon her i heimen.

TOALETTVESKER







Mange toalettvesker til jul.
"Lisjejenta" i heimen laga toalettvesker til vennane sine.

MUGRUG

Har sydd ein mugrug til ein jeger.

TENNBRIKETTAR


Har laga to like trekk til eskene med tennbrikettar. Den eine er med kvit pynt og den andre er med rosa pynt.

"ENGLER I SNEEN"




Her har eg sydd og dekorert ein del hjerter som blei julegaver i 2012.

Dekorerte kubbelys




Har dekorert kubbelysa med serviettar og litt anna pynt. Serviettane har eg smelta inn i kubbelysa.

JULEGAVE

Har strikka og tova tøffler til svigerdattera mi.