tirsdag 25. februar 2014

VÅR

Har foreviga ei lita tue med snøklokker. I fjor vår forsvant det ei større tue med snøklokker i frå hagen min. Veit ikkje heilt kva som har skjedd, men det var bare ei stor grop der dei hadde stått. Det blei forhør av alle familiemedlemmane (sjølvsagt), men dei er utanfor all mistanke. Hadde det vore ein spesiell sort snøklokker hadde eg forstått at dei forsvann , men det er heilt vanlige.....ja, ja :)

Dongerihjerter

 Gamle dongeribukser kan brukast til litt av kvart
 Har pynta hjertene med blonder og band

 Hjertet til høgre er klipt rundt ein liten lomme.

Ny veske

Dette blir nok ei gave til nokon som har ønskt seg ei veske lenge.........
 Veska er sydd av japanske stoff og ein rund duk

 Innerlommar: Med og uten glidelås. Har pynta litt med blonder på lommane.


mandag 3. februar 2014

toalettveske

Ei lita toalettveske. Har brukt mønster ifrå http://www.youtube.com/user/pattydooBlog/feed?activity_view=1 Men har tatt ein lite "vri" på stoffbitane

Modell "SPORT"

Har strikka gensar. Dette er eit gammalt mønster i frå Sandnes Uldvarefabrikk, skulle strikkast med Peer Gynt garn. Eg har brukt Falk. Er i full gang med ein gensar til. Likar dette mønsteret veldig godt.

Spisebrikke

Mønster av AnnAKa

spisebrikke

 I dag vil ikkje dataen vere grei :(  Bildet av spisebrikka er opp ned. Har prøvd å snu den 1000 gongar...... Men, men........... har brukt ei lita hekla brikke, blonde og kroklisse. og pynta med perlemorsknappar som er hjerteforma.
Ikkje dette bildet heller ville stå rette veien.

Ei spisebrikke til

 Brikka er frihandsquilta
 Har quilta inni hjertene med lilla tråd
Pynta med blonde og lilla knappar