torsdag 29. oktober 2015

Silkis

 Har kosa meg med Silkisleire. Etter at eg har kjevla den ut har eg brukt stempel med og uten farge på.


 På hjertet har eg brukt ein hekladuk som stempel.

Veske

 Har vore på veskekurs med Sylvi Rudd. Det var på Vestlandstreffet på Nordfjordeid. På lokket har eg pynta med ein lite serviett med hardangersaum på.Den er dekka med veskeplast. På sida av lokket er der nokre lilla striper som tar igjen fargen som er bak hardangersaumen.
 Fronten på veska med ein glidelåslomme. Glidelåsen er pynta med noke "stæsj" som har vore på ei bukse.
Baksida av veska. Veska er sydd av møbelstoff som eg har vore so heldig å få med naboen. :)

tirsdag 13. oktober 2015

gammalt veggteppe

Fikk lyst til å vise eit gammalt teppe. Bakgrunnen er eit heilt panel med hus og hage. Dama som heng opp eit teppe er applikasjon. Ramma rundt er sydd i saman av firkantblokker. Dei er quilta med gulltråd.

søndag 11. oktober 2015

Tennbrikettboksar

 Har sydd fleire trekk til boksane. Her er det decoupage med ein serviett. Jul :)
 Applikasjon med ei lita juleugle.
Og til slutt ein boks med eit anker på. Motivet har eg funne på nettet og skrive det ut på strykepapir. Kjem bilde av fleire seinare.

tirsdag 6. oktober 2015

Såpepose

 Små fine posar til å ha såpa opp i. Kan vere kjekt å gje vekk som ei lita gave
 Decoupage med ei lita perle på :)
Fin måte og bruke opp restane av blondene. Og ein gammal knapp......

søndag 4. oktober 2015

Rabarbrablad

 I haust kom rabarbraen med nye flotte blad. Då måtte eg prøve på å lage eit blad i bettong. Syns det blei ganske fint.
 Det blir nok fleire bettongblad til våren igjen.
Flotte nervar i bladet :)

ROSA

 Har sydd toalettveske.
 Pynta litt på baksida.

Detaljbilder.