fredag 10. mars 2017

Søstre for søstre.

 Då har eg sydd to toalettvesker som er levert til aksjonen søstre for søstre.

Toalettveskene blir levert på krisesentra rundt om i Norge. Då ei dei fylt med såper, tannkost mm. til ein verdi av 200 kr. Vil du lese meir kan du gå inn på FBgruppa: søstre for søstre. Det er Desiree som har starta aksjonen.

torsdag 9. mars 2017

Vaffelkaker

 Er so heldig å ha fått ei gammal bakebok. Finn ikkje årstalet den er trykt, men fleire plassar i boka står det 1929 1930. Her er det brød, kaker, paier og desserter. Og no har eg prøvd meg på tørre vafler eller vaffelkaker som det står i boka. Kjempegode! Eg syns dei er gode med brunost på  ;)

tirsdag 7. mars 2017

Lita toalettveske

 Denne er sydd av bare små restar
 Her er litt av den kvite haugen med stoff  ;)
 Eg stryk stoffremsene på vliselin. Tett i tett.
 Etterpå syr eg dei faste med forskjellige dekorsaumar. Fin måte å få prøve dekorsaumane
 Då har eg fått laga meg eit nytt stoff av bare restar og ingen har maken ;) Klart for å sy veska.
Pynta med perler til slutt.

onsdag 1. mars 2017

Fugleflokken

 Fugleflokken av Anne Beier Finnestad.
 Passar fint å gjere denne ferdig no 1. Mars. I kveld skal eg på quiltemøte og då skal eg sy ferdig lukkekanten og sy på auge til fuglane

Ein blir i godt humør over slike koselige fuglar  :)