søndag 28. mai 2017

Mysterie quilt

Skal tru om eg blir ferdig med denne nokon gong?? I desember blei eg med i ein mysteriequilt. Då hadde vi fått vete kva fargar vi skulle bruke og so fikk vi kvar veke litt info om dei forskjellige småblokkene som vi skulle sette i saman og etterkvart blei det større blokker. Alt i verste julestria. ;) Eg blei sjølvsagt ikkje ferdig...........og etter jul skulle eg flytte arbeidsrommet mitt. Dvs at eg måtte pakke ned alt. Og der blei teppet liggande leeeeenge.Dette er noke Bonnie K Hunter gjer kvart år i desember. Dette var fyrste gong for meg og veit ikkje om eg blir med fleire gongar.......vi får sjå om eg blir ferdig med teppet og om eg syns det var ok. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar