fredag 5. februar 2016

Lamifix

 Lamifix er ein plast med lim på baksida. Dermed kan du bruke den til litt av kvart. Her har eg laga ein pose med glansbilde på. Glansbilde er beskytta når ein har plasten over, men det er nok ikkje lurt å vaske posen. Vil tru at glansbilde blir ødelagt då. Men då er det kanskje på tide å sy seg ein ny pose.  :)
 Her har eg laga mugrug med utstansa hjerter og quilta rundt hjertene etter at eg har hatt på Lamifix. Eg har brukt blank plast, men det fins matt og.
 Decoupage på eit stykke gammal damaskduk. Med plast over blir det fine mugrug.Motivene er i frå ein serviett og decoupagelakken er det glitter i. ;)
Utstansa blomstra med paljettar rundt omkring. Strauk på Lamifix og quilta rundt om før eg sydde på lukkekanten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar