fredag 9. august 2013

KATEDRALVINDU

 Har kjøpt meg ein linjal med Ingun på Primula Design. Med den kan du sy katedralvindu.
 Her er ein prøvelapp. Ein kan sjå at rutene er ovale. Det blir dei med denne linjalen. Ein kan kombinere dei med store og små kvadratiske ruter. Då kan ein få fine mønster. Eg har ikkje laga det, men har sett det på andre bloggar. Det kan bli fine tepper eller liknande. Denne prøvelappen blir nok ei toalettveske. Ein gong.....
Det er fleire måtar og sy katedralvindu på. Både handsaum og med symaskin. Alt etter kva ein likar best.
 Her er ei lita nålpute. Det skulle vere ei lita gave. Den var kjapp å sy. Fann den på diaryofaquiltmaven.blogspot.no
Her er eit gammalt veggteppe. Har kombinert papirsaum og katedralvindu.

1 kommentar: