søndag 2. juni 2013

SOMMAR

I dag regnar det, men no er det sommar. det har vore fin temperatur lenge no. Plantane har komt seg etter ein kald vinter. Her er ein Levisia som står i blomst. Den klarte seg i vinter og er like fin som alltid når den blomstrar.

No kan vi vel rydde vekk vinterkledene? Har hekla pulsvarmara. Bildet blei tatt 16 mai og fotomodellen var klar til feiring av 17 mai. Har strikka tjukkelester med eit melert garn som heiter Jærbo. Likar egentlig ikkje å strikke lester, men det var litt moro når ein såg korleis mønsteret blei etter kvart som ein strikka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar