fredag 18. august 2017

Løpar i spreke fargar

 Ein løpar som er inspirert av ein gammal tapet. Den er ikkje lik tapeten, men det er det som er moro. Du ser ein ting og so blir det eit heilt anna uttrykk etter kvart som du skapar noke av det du såg
 Firkantane er i forskjellige størrelsar. Store, små, lange og kvadratiske.
 Eg har kosa meg med quiltinga.  Har brukt stoppefoten og sydd uten noke mønster. Har bare brukt firkantane som inspirasjon og sydd på frihand over heile løparen

 Eg har quilta med forskjellige fargar i lag med den kvite tråden. Her er det turkis
 Har brukt turkis, rosa, oransj og gul tråd til quiltinga.

tirsdag 15. august 2017

Til Ting og Tang

 Mønster frå AnnAKa med min eigen vri.
 Istadenfor å brodere blomster har eg sydd med stoppefoten. Tråden er melert og etterpå har eg sydd på perler
 Litt arbeid med å sy på alle perlene ;) So er det å håpe at eg har sydde dei godt nok fast, slik at ikkje alle perlene trillar vekk viss tråden raknar.

lørdag 5. august 2017

Små vesker

 Mønster av AnnAKa. Greie klemmepongar
 Blomstrane er broderte med div sting. Veldig greie å sy

torsdag 6. juli 2017

ULLFILT

 Her har eg laga pulsvarmarar og ein liten pung.
 Pungen er pynta med perler, knappar og so har eg brodert litt på den. Har sydd knappholssaum rundt den. Glidelåsen sette eg i før eg broderte og sydde den saman.
 Pulsvarmarane er pynta med blonder.
 Ullfilt kan ein få kjøpe i månge forskjellige fargar. Eg har kjøpt på Fantasi.

Pynta med blonder og perler ;)

lørdag 24. juni 2017

Mugrug

 To små mugrug i blått og grått
 Har tegna blomstren sjølv. Blomstren har eg før brukt på ei veske bl.a. Til mal på mugrugen har eg brukt Hexnmore linjalen.