lørdag 12. mars 2016

mandag 7. mars 2016

Mug rug

Her har eg brukt restestoff, skråband og knappar. På restestoffene har eg brukt "quilt as you go" teknikken. Vrangsydde og festa knappen til slutt med broderigarn.

søndag 6. mars 2016

Pledd

 Har vore på kurs med Brita Rundgren og sydd eit teppe. Har og sydd blokker til ein duk. Skal vise dei seinare.
 Alle stoffene er med prikkar eller............
 med sirklar.
 Blei ganske fornøgd når eg fann eit stoff til lukkekant som hadde same fargane som eg brukte ellers i teppet.
På baksida har eg fleece. Likar best det. Varmt og godt ;)

fredag 26. februar 2016

QCR Mini

 Har sydd meg ein løpar med quick curve mini linjalen. Stoff kjøpt på Fantasi. Kjekk å sy, fine stoff, klar for våren. :)
Ei blokk.

lørdag 20. februar 2016

Spisebrikker

 2 nye spisebrikker
 Har brukt eit motivstoff som utgangspunkt for desse brikkene. Pynta med litt blonder.
Her har eg pynta med litt forskjellige garn. Har bare sydd sikksakk over garnet og det blir ein fin effekt.

fredag 12. februar 2016

Lilla løpar

 Meir i frå kurset med Anne Beier Finnestad.
 Her har eg laga roser i stoff og malt litt rundt dei.
Kanskje det er klatreroser?

onsdag 10. februar 2016

Stoffmaling

 Har vore på kurs med Anne Beier Finnestad. Der brukte vi stoffmaling, sjablongar og applikasjon.
 Her har eg brukt ein sjablong, hatt maling på den og lagt den ned på stoffet. Det blir forskjellige uttrykk kvar gong ein brukar den. Desse blei i hvertfall ikkje like.  Har sydd med svart og grå tråd opp på malinga. Dei blir då litt meir markerte og ein kan "fikse" litt på det som ein ikkje er so fornøgd med.
Det ferdige veggteppet.