onsdag 6. august 2014

JUL

 Jula kjem like brått på meg kvart år. Tenkjer alltid at no skal eg klare å bli ferdig med alt, men.........



PARIS

 Ny toalettveske med lomme på framsida.


fredag 18. juli 2014

Blå timotei

 Ein liten sminkepung.
 Har hekla ei rose med broderigarn og pynta med ei perle.
 Blått skråband
Baksida

Timotei

 Har laga ein liten sminkepung. Stoffet finst det ikkje maken til. Det har eg laga av blonder, band, garn og stoffbitar. Lagt vannoppløyseleg plast over og sydd tett i tett.Plasten løyser opp i vatn etter at eg ferdig med å sy.
 Rosa skråband :)
Pynta med perler.

torsdag 17. juli 2014

Hagen vår

I dag regnar det her, men vi har hatt eit utrulig fint veir i vår og i sommar. Legg då ut eit bilde som er tatt før i år, med sol :) Lewesiaen som er fremst i bilde kjøpte eg i vår. Den blomstrar fortsatt. Er ein fin,sterk rosafarge på den . Har mange Lewesia i hagen. kanskje eg legg ut fleire bilder seinare.

mandag 23. juni 2014

Kari i farta

Eg bestemte meg for å handquilte duken min. Når eg har lagt ned so mykje arbeid med å handsy duken ville eg og handquilte den. Kjekkare det enn å sende den vekk til quilting. Og når eg var so heldig at Kari ville tråkle den i saman, so var det til stor hjelp.

Her er Kari i full sving med å feste bakstykke og vatten.





Då er duken festa til vatten og bakstykket. Spennande :)
No er duken stramma opp i maskina og klar for tråkling. Vatt og bakstykke heng laust ned.
Her tråklar Kari i saman duken min. Tråklinga var gjort på ei lita stund. Arbeidet var å stramme den opp i maskina.
No har eg starta med handquiltinga og det er bare å anbefale å få tråkla arbeidet først.                                                                                                                                              

mandag 12. mai 2014

LAPPETEPPE

 Har mange brune stoff som eg skal lage teppe av. Skal ha brune stoff på baksida og. Då går det litt raskare å få brukt opp dei brune stoffa :) Skal quilte på maskin og sy heile teppet i saman etterpå. Trur det skal gå greit.