No er eg ferdig med alle 9 blokkene. Er kjempefornøgd ! Trudde ikkje at dette var ein teknikk som eg skulle like, men det har vore moro å sy. Har kjøpt meg nye pappmalar til neste prosjekt. Har bestemt meg for å handquilte den so det blir ei stund til den er heilt ferdig........
mandag 12. mai 2014
søndag 13. april 2014
tirsdag 8. april 2014
Rosa toalettveske
Ei toalettveske som var kjapp å sy. På mønsteret skulle ein bruke blondeglidelås, men det hadde eg ikkje so då måtte eg pynte eit vanlig glidelås med blonde. Det går so fint......:)
Toalettveska er til "lisjejenta" i huset.
Har fått dilla på å sy Yoyo hjerter. Veldig enkle og gjer seg som pynt på mange ting. Pyntar ein med ei perle og so blir det bra :)
Toalettveska er til "lisjejenta" i huset.
Har fått dilla på å sy Yoyo hjerter. Veldig enkle og gjer seg som pynt på mange ting. Pyntar ein med ei perle og so blir det bra :)
fredag 4. april 2014
LITA TOALETTVESKE
Har quilta etter kvart som eg har sydd på lappane.
Har sydd på ei lite hjerte. Det er innsida av ein ølboks. :)
Toalettveske
Ein liten "diamant" som eg har pynta toalettveska med.
Sydd i saman fleire stoffbitar og quilta med sølvtråd.
Sydd i saman fleire stoffbitar og quilta med sølvtråd.
torsdag 3. april 2014
KORGER
Har sydd ei korg i lin og pynta hjørnene med perler. Måtte ha korga i nøytral farge slik at den passa til påskeløparen min. Løparen er sydd for fleire år sida, men er like glad i den i dag. Kanskje ikkje dei heilt skarpe påskefargane,men det passar flott i heimen.
Ei korg i lilla og kvitt med silkeband.
Ei korg i lilla og kvitt med silkeband.
Abonner på:
Innlegg (Atom)














