torsdag 12. januar 2017

Svart

 Julegaver. Eit sett med spisebrikker og mugrugs.
 Trekantar som er sydde i saman. For å ta igjen litt av raudfargen som er på brikkene har eg quilta eine saumen med raud sytråd. Resten i svart.

 På spisebrikkene har eg prøvd meg på å sy på frihand. Ein sirkel i midten av brikka.

tirsdag 3. januar 2017

Blå stoff

 Her har eg prøvd å få sydd opp litt av mine blå restestoff, uten hell ;) Hadde vlisofix bakpå halva av stoffene og tok dei igjennom kuttemaskina mi med ein sirkel dies. Enkelt og greit :) då slepp eg å sitte og tegne sirklar i timesvis for deretter å klippe dei ut. Alt for mykje arbeid. Dei andre stoffa kutta eg opp i passe store kvadrat og sydde saman.
Etter at eg hadde festa sirklane på kvadrata quilta eg det ganske enkelt med bua, rette saumar over heile løparen. Har ikkje brydd meg med at det blir sårkantar som ligg opne. Det er ein løpar som skal ligge på eit bord og der skal den ligge heilt i ro. ;) Dersom den skulle bli stygg er det bare å sy ein ny ;) ;)

lørdag 31. desember 2016

Byhanen

Det blei 8 stk av Byhanen. Design er AnnaKa.

Kalendar

 3 kalendarar som eg har laga i haust på lerret. Eg har brukt div serviettar, blonder blomster og anna "stæsj" som kan vere fint å pynte med.


tirsdag 27. desember 2016

Julegaver

Skal snart legge ut bilder av julegavene ;)

Blå og kvit duk/ løpar

 Var på kurs med Brita Rundgren for snart eit år sida- Då sydde eg eit stort pledd i denne teknikken som eg ikkje hugsar namnet på akkurat no. (Det dukkar vel opp igjen ;) ) Etterpå har eg sydd denne løparen og duken. Veldig kjekk måte å sy på. Stable, kutte og sy. Må ha 12 stoff for å få det til å gå opp.

 Quilting i grøfta og på kantane.

torsdag 8. desember 2016

Grå

 Twistpose. Grå pose i lin med blonde og knapp
Mugrug. Grå stoff med ein gammal hekla duk som pynt
Då kan ein kose seg med twist og kaffi kanskje?? ;)