tirsdag 1. desember 2015

Oval løpar

 Likar denne denne løparen beire og beire.
Nærbilde av stoffene som er kjøpt på Fantasi. Perlemor og sølv på stoffene.

tirsdag 24. november 2015

Pose til stearinlys

 Her har eg brukt decoupage på ein liten pose. Motivet er i frå ein serviett.
Kan vere ei fin lita gave.

søndag 22. november 2015

Veskeplast på liten sminkepung

 Her har eg kosa meg med ting eg ikkje har prøvd før.
 Strødde paljettar på eit svart linstoff, la over litt lilla garn og til slutt veskeplast med lim på. Den skal strykast fast til stoffet med strykejern. Husk matpapir imellom plast og strykejern  ;) Når det var gjort låg paljettane og garnet heilt fast, men eg valgte å quilte litt før eg sydde på skråband og glidelås.
Vanskelig å få gode bilder.......men, men.

tirsdag 10. november 2015

Ny veske

 Har vore på kurs med Brita Rundgren i helga. Lommen på fronten er dekorert med ei rose i stoffmaling i sølv, raude perler og sølvtråd som er sydd med stoppefoten.
 Har pynta veska med perler og anna pynt.

Baksida

tirsdag 3. november 2015

Englar

Englar sydd med krympestoff. Fine stoff i kobber som er kjøpt på Fantasi. Vingane er laga av tyll, blonde og ein gammal liten duk.

torsdag 29. oktober 2015

Silkis

 Har kosa meg med Silkisleire. Etter at eg har kjevla den ut har eg brukt stempel med og uten farge på.


 På hjertet har eg brukt ein hekladuk som stempel.

Veske

 Har vore på veskekurs med Sylvi Rudd. Det var på Vestlandstreffet på Nordfjordeid. På lokket har eg pynta med ein lite serviett med hardangersaum på.Den er dekka med veskeplast. På sida av lokket er der nokre lilla striper som tar igjen fargen som er bak hardangersaumen.
 Fronten på veska med ein glidelåslomme. Glidelåsen er pynta med noke "stæsj" som har vore på ei bukse.
Baksida av veska. Veska er sydd av møbelstoff som eg har vore so heldig å få med naboen. :)

tirsdag 13. oktober 2015

gammalt veggteppe

Fikk lyst til å vise eit gammalt teppe. Bakgrunnen er eit heilt panel med hus og hage. Dama som heng opp eit teppe er applikasjon. Ramma rundt er sydd i saman av firkantblokker. Dei er quilta med gulltråd.

søndag 11. oktober 2015

Tennbrikettboksar

 Har sydd fleire trekk til boksane. Her er det decoupage med ein serviett. Jul :)
 Applikasjon med ei lita juleugle.
Og til slutt ein boks med eit anker på. Motivet har eg funne på nettet og skrive det ut på strykepapir. Kjem bilde av fleire seinare.

tirsdag 6. oktober 2015

Såpepose

 Små fine posar til å ha såpa opp i. Kan vere kjekt å gje vekk som ei lita gave
 Decoupage med ei lita perle på :)
Fin måte og bruke opp restane av blondene. Og ein gammal knapp......

søndag 4. oktober 2015

Rabarbrablad

 I haust kom rabarbraen med nye flotte blad. Då måtte eg prøve på å lage eit blad i bettong. Syns det blei ganske fint.
 Det blir nok fleire bettongblad til våren igjen.
Flotte nervar i bladet :)

ROSA

 Har sydd toalettveske.
 Pynta litt på baksida.

Detaljbilder.

lørdag 26. september 2015

Bøyleveske

 Flott og enkelt mønster.
 Bøylen er tredd inni ein løpegang som er sydd på veska.
 Baksida av veska.
Detalj framme på veska. Stoffa og bøylen er kjøpt på Fantasi. Mønster av Bente Malm.

søndag 13. september 2015

torsdag 3. september 2015

Gjenbruk

 Nupereller er fine til pynt.
 Framsida av ei lita toalettveske. Manglar bare eit band og litt perler i glidaren.
 Baksida. Her må eg finne den rette knappen til lommen.
Toalettveska er sydd av restar etter kurset med Liv, der eg sydde denne veska.

tirsdag 1. september 2015

Veske med plastvindu

Har sydd ei veske til "lisjefrøkna" som har reist på skule. I denne skulle ho ha sysakene sine i. Stoff kjøpt på Fantasi.

Strikka duk

Har strikka ein liten duk i eit garn som eg no ikkje klarer å huske navnet på. Garnet er kjøpt på Fantasi.