tirsdag 3. januar 2017

Blå stoff

 Her har eg prøvd å få sydd opp litt av mine blå restestoff, uten hell ;) Hadde vlisofix bakpå halva av stoffene og tok dei igjennom kuttemaskina mi med ein sirkel dies. Enkelt og greit :) då slepp eg å sitte og tegne sirklar i timesvis for deretter å klippe dei ut. Alt for mykje arbeid. Dei andre stoffa kutta eg opp i passe store kvadrat og sydde saman.
Etter at eg hadde festa sirklane på kvadrata quilta eg det ganske enkelt med bua, rette saumar over heile løparen. Har ikkje brydd meg med at det blir sårkantar som ligg opne. Det er ein løpar som skal ligge på eit bord og der skal den ligge heilt i ro. ;) Dersom den skulle bli stygg er det bare å sy ein ny ;) ;)

1 kommentar: