fredag 26. april 2013

Sminkepung


Har laga mitt eige stoff med hjelp av Solvy. Det er kjempemoro. Alltid like spennande og sjå resultatet.

Pulsvarmara

Mens eg ventar på våren strikkar og heklar eg pulsvarmara...............

Pulsvarmere med ugler


Dette er eit mønster ifrå SandnesGarn. Har strikka pulsvarmarane i Fritidsgarn og sydd på to perler til auge.

Spisebrikker

Påska er over , men vil vise "påskebildene " av familien min. Når ungane var små skulle eg lage kvar si brikke. Eg fann ikkje nokon fine mønster til kyllingane, derfor så måtte ungane tegne seg sjølv som påskekyllingar. Mor og far fuska litt og brukte ferdige mønster. Dette er lenge sida no, så eg hugsar ikkje kor eg har funne dei mønstrene. Brikkene blir tatt fram kvar påske og det blir mykje latter og ergrelse alt ettersom minnene som kjem fram om korleis brikkene blei til.

Kry hanefar på ein fot.

"Hønemor" har fått på seg forkleet. Dette er eit gammalt mønster. Hugsar ikkje kven som har laga det.

Eldstemann hadde alltid blå pannelugg på den tid. So då måtte kyllingen og få blå "pannelugg".

Den mellomste karen spankulerer så kry omkring

Lisjejenta på ski