Decopagelim med glitter i.
Blonder og lin
Blonder og perler
Stempel på lin
Decopagelim med glitter. Fin effekt som ikkje kjem fram på bildet her.
onsdag 19. november 2014
Pose
Ein pose i dag og. Sydd i lin og pynta med ein serviettring. Serviettringar er eg glad i. Dei er fine å pynte med. Har brukt dei på forskjellige ting. Veggbilder, boks til opptenningsposar, kort, mm. Mykje beire det enn at dei skal ligge i ei skuffe :)
Her har eg sydd ei lita toalettveske. Kjekt å sy i rutete stoff. Då kan ein få fine effektar med å snu litt på stoffet, slik eg har gjort det øverst på toalettveska. Har pynta med ein blomst som eg har laga av blonder, lin og ei perle.
Hjerte av vannoppløyseleg plast. Kjempemoro. Fyrst har eg laga meg eit stoff i kvitt, krem og gullfargar. Då har eg brukt stoff, blonder, band og litt andre ting som kan gje ein fin effekt. Men det må tåle vatn slik at ein ikkje får nokre overraskelsar når ein skal skylje vekk plasten. Når det er tørt kan eg bruke stoffet til litt av kvart. Her har eg laga eit hjerte. Fine til å henge i ei grein av trollhassel. Eller so kan ein sy sminkepung eller løpar el.l.

tirsdag 18. november 2014
torsdag 18. september 2014
Veskekurs
Ein detalj av innerlommen.Her har eg pynta med nupperelle. Det kjem sikkert fleire detaljbilder etter kvart
Har vore på eit kjekt kurs. Vi sydde vesker av brukte dongeribukser. Her tok ein vare på alle detaljer som er på ei bukse. So var det å lære seg korleis ein skulle gjere seg nytte av dei. Kva ein skulle tenke på for at det ikkje skulle bli for tjukt i saumane og mykje anna.Pynt måtte vi ha på og. Eg har brukt ei gammal nupperelle og knappar.
Hankane er i frå ei gammal veske.

lørdag 6. september 2014
Abonner på:
Innlegg (Atom)