onsdag 19. november 2014

 Her har eg sydd ei lita toalettveske. Kjekt å sy i rutete stoff. Då kan ein få fine effektar med å snu litt på stoffet, slik eg har gjort det øverst på toalettveska. Har pynta med ein blomst som eg har laga av blonder, lin og ei perle.
Hjerte av vannoppløyseleg plast. Kjempemoro. Fyrst har eg laga meg eit stoff i kvitt, krem og gullfargar. Då har eg brukt stoff, blonder, band og litt andre ting som kan gje ein fin effekt. Men det må tåle vatn slik at ein ikkje får nokre overraskelsar når ein skal skylje vekk plasten. Når det er tørt kan eg bruke stoffet til litt av kvart. Her har eg laga eit hjerte. Fine til å henge i ei grein av trollhassel. Eller so kan ein sy sminkepung eller løpar el.l.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar