tirsdag 16. desember 2014
onsdag 10. desember 2014
Snart jul
Spisebrikke laga av eit motivstoff, lin og blonde.
Her har eg brukt ei utstansingsmaskin for å få det koselige motivet. Litt jul og litt vinter.
Her har eg brukt ei utstansingsmaskin for å få det koselige motivet. Litt jul og litt vinter.
fredag 21. november 2014
torsdag 20. november 2014
Hagen
Var ute i hagen i går og tok nokre bilder av blomstrar som ikkje er klar over at det snart er jul :) Roser, Lewesia og stemorblomstrane står fine fortsatt.
onsdag 19. november 2014
Hjerter
Decopagelim med glitter i.
Blonder og lin
Blonder og perler
Stempel på lin
Decopagelim med glitter. Fin effekt som ikkje kjem fram på bildet her.
Blonder og lin
Blonder og perler
Stempel på lin
Decopagelim med glitter. Fin effekt som ikkje kjem fram på bildet her.
Pose
Ein pose i dag og. Sydd i lin og pynta med ein serviettring. Serviettringar er eg glad i. Dei er fine å pynte med. Har brukt dei på forskjellige ting. Veggbilder, boks til opptenningsposar, kort, mm. Mykje beire det enn at dei skal ligge i ei skuffe :)
Her har eg sydd ei lita toalettveske. Kjekt å sy i rutete stoff. Då kan ein få fine effektar med å snu litt på stoffet, slik eg har gjort det øverst på toalettveska. Har pynta med ein blomst som eg har laga av blonder, lin og ei perle.
Hjerte av vannoppløyseleg plast. Kjempemoro. Fyrst har eg laga meg eit stoff i kvitt, krem og gullfargar. Då har eg brukt stoff, blonder, band og litt andre ting som kan gje ein fin effekt. Men det må tåle vatn slik at ein ikkje får nokre overraskelsar når ein skal skylje vekk plasten. Når det er tørt kan eg bruke stoffet til litt av kvart. Her har eg laga eit hjerte. Fine til å henge i ei grein av trollhassel. Eller so kan ein sy sminkepung eller løpar el.l.

tirsdag 18. november 2014
torsdag 18. september 2014
Veskekurs
Ein detalj av innerlommen.Her har eg pynta med nupperelle. Det kjem sikkert fleire detaljbilder etter kvart
Har vore på eit kjekt kurs. Vi sydde vesker av brukte dongeribukser. Her tok ein vare på alle detaljer som er på ei bukse. So var det å lære seg korleis ein skulle gjere seg nytte av dei. Kva ein skulle tenke på for at det ikkje skulle bli for tjukt i saumane og mykje anna.Pynt måtte vi ha på og. Eg har brukt ei gammal nupperelle og knappar.
Hankane er i frå ei gammal veske.

lørdag 6. september 2014
Mugrug
No har dataen slått krøll på seg igjen. Bildet er oppned igjen. Ja,ja .....Har pynta aplikasjonen med perler og blonde. Blonda er ikkje god og sjå, men den er der. :)
onsdag 6. august 2014
fredag 18. juli 2014
Blå timotei
Ein liten sminkepung.
Har hekla ei rose med broderigarn og pynta med ei perle.
Blått skråband
Baksida
Har hekla ei rose med broderigarn og pynta med ei perle.
Blått skråband
Baksida
Timotei
Har laga ein liten sminkepung. Stoffet finst det ikkje maken til. Det har eg laga av blonder, band, garn og stoffbitar. Lagt vannoppløyseleg plast over og sydd tett i tett.Plasten løyser opp i vatn etter at eg ferdig med å sy.
Rosa skråband :)
Pynta med perler.
Rosa skråband :)
Pynta med perler.
torsdag 17. juli 2014
Hagen vår
I dag regnar det her, men vi har hatt eit utrulig fint veir i vår og i sommar. Legg då ut eit bilde som er tatt før i år, med sol :) Lewesiaen som er fremst i bilde kjøpte eg i vår. Den blomstrar fortsatt. Er ein fin,sterk rosafarge på den . Har mange Lewesia i hagen. kanskje eg legg ut fleire bilder seinare.
mandag 23. juni 2014
Kari i farta
![]() |
![]() | ||||
No er duken stramma opp i maskina og klar for tråkling. Vatt og bakstykke heng laust ned.
Her tråklar Kari i saman duken min. Tråklinga var gjort på ei lita stund. Arbeidet var å stramme den opp i maskina.
No har eg starta med handquiltinga og det er bare å anbefale å få tråkla arbeidet først.
mandag 12. mai 2014
LAPPETEPPE
Har mange brune stoff som eg skal lage teppe av. Skal ha brune stoff på baksida og. Då går det litt raskare å få brukt opp dei brune stoffa :) Skal quilte på maskin og sy heile teppet i saman etterpå. Trur det skal gå greit.
Abonner på:
Innlegg (Atom)