fredag 9. august 2013

Saum over papp

 1 ferdig blokk  !! Det kan bli ei pute dersom eg ikkje orkar sy meir.
 Starten på ei blokk til.
Her er ei blokk ferdig, to som eg har starta å sy på. Det kan bli ein løpar når alle tre blokkene er ferdige. Men eg har som mål å sy 9 stk !!!! So får tida vise kva det blir til.

I sommar var eg på tur til Oslo. Då måtte eg innom Kathrines Quilte Stue. Der hadde dei utstilt ein nydelig fin duk. Men eg sa klart i frå at saum over papp ikkje var noko for meg, men......
Den som reiste heim med masse stoff, malar og diverse anna, det var meg.

Hadde litt startvanskar. Då kontakta eg Elin. Ho hjalp meg. Kom med gode råd og tips. Og då var det bare å sy i vei. Det er faktisk ein kjekk teknikk. Det hadde eg aldri trudd eg skulle sei, men det er sant. Stikk innom bloggen til Elin. Ho har sydd mykje over papp.  http://www.lappetausa.blogspot.no/

Eg håpar eg klarer å sy alle 9 blokkene. Skal blogge om det etter kvart...............

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar