fredag 26. april 2013

Spisebrikker

Påska er over , men vil vise "påskebildene " av familien min. Når ungane var små skulle eg lage kvar si brikke. Eg fann ikkje nokon fine mønster til kyllingane, derfor så måtte ungane tegne seg sjølv som påskekyllingar. Mor og far fuska litt og brukte ferdige mønster. Dette er lenge sida no, så eg hugsar ikkje kor eg har funne dei mønstrene. Brikkene blir tatt fram kvar påske og det blir mykje latter og ergrelse alt ettersom minnene som kjem fram om korleis brikkene blei til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar