fredag 26. april 2013
Sminkepung
Har laga mitt eige stoff med hjelp av Solvy. Det er kjempemoro. Alltid like spennande og sjå resultatet.
Pulsvarmere med ugler
Dette er eit mønster ifrå SandnesGarn. Har strikka pulsvarmarane i Fritidsgarn og sydd på to perler til auge.
Spisebrikker
Påska er over , men vil vise "påskebildene " av familien min. Når ungane var små skulle eg lage kvar si brikke. Eg fann ikkje nokon fine mønster til kyllingane, derfor så måtte ungane tegne seg sjølv som påskekyllingar. Mor og far fuska litt og brukte ferdige mønster. Dette er lenge sida no, så eg hugsar ikkje kor eg har funne dei mønstrene. Brikkene blir tatt fram kvar påske og det blir mykje latter og ergrelse alt ettersom minnene som kjem fram om korleis brikkene blei til.
Abonner på:
Innlegg (Atom)