lørdag 7. desember 2013
TING OG TANG
Enkle gryteklutar. Ide i frå http://anne-grethe.blogspot.no/
Julepynt: Har sydd i saman stoffremser og pynta med blonder , band og perler.
Ikkje så lurt å legge kvite stjerner på kvit snø. Stjernene er sydd av ei blondegardin og pynta med perler.
ADVENT
På stova har eg lilla adventsduk. Denne er etter eit mønster av Bente Malm.Likar å bruke Angelina, men eg har ikkje med blomstrane som var på mønsteret.
På kjøkkenet har eg ein raud løpar. Det er fordi det ikkje passar med lilla til kjøkkengardinene mine. (syns eg då )
Koselig med snø på sprossene. Englekoret er på plass. Det har smånurkene mine laga for lenge sida. (Smånurkene mine er 17, 20 og 22 år no)

fredag 6. desember 2013
4. desember
Roser og stauder blomstrar fortsatt, sjølv om det er desember. Eit lite dryss med snø er komt på rosa.
JULESTEMNING
Mykje snø rundt inngangspartiet. I dag er det 6. desember og to dagar etter at eg tok bilde av staudene og rosene.
Koselig med snø på sprossene i vinduet.
Koselig med snø på sprossene i vinduet.
lørdag 30. november 2013
ARVEGODS
Her har eg brukt dukar, brikkeholdar, hardangersaum som eg trur har vore på eit pyntelaken, blonder, deler ifrå ein nattkjole, blondekrage og ein blå ring. Alt er gamle ting som eg har arva.
søndag 8. september 2013
Crazy quilt
Har sydd ei toalettveske med Crazy quilt på midtstykket. Kjempeartig teknikk. Mønsteret på toalettveska er av AnnAKa.
fredag 9. august 2013
KATEDRALVINDU
Har kjøpt meg ein linjal med Ingun på Primula Design. Med den kan du sy katedralvindu.
Her er ein prøvelapp. Ein kan sjå at rutene er ovale. Det blir dei med denne linjalen. Ein kan kombinere dei med store og små kvadratiske ruter. Då kan ein få fine mønster. Eg har ikkje laga det, men har sett det på andre bloggar. Det kan bli fine tepper eller liknande. Denne prøvelappen blir nok ei toalettveske. Ein gong.....
Det er fleire måtar og sy katedralvindu på. Både handsaum og med symaskin. Alt etter kva ein likar best.
Her er ei lita nålpute. Det skulle vere ei lita gave. Den var kjapp å sy. Fann den på diaryofaquiltmaven.blogspot.no
Her er eit gammalt veggteppe. Har kombinert papirsaum og katedralvindu.
Her er ein prøvelapp. Ein kan sjå at rutene er ovale. Det blir dei med denne linjalen. Ein kan kombinere dei med store og små kvadratiske ruter. Då kan ein få fine mønster. Eg har ikkje laga det, men har sett det på andre bloggar. Det kan bli fine tepper eller liknande. Denne prøvelappen blir nok ei toalettveske. Ein gong.....
Det er fleire måtar og sy katedralvindu på. Både handsaum og med symaskin. Alt etter kva ein likar best.

Her er eit gammalt veggteppe. Har kombinert papirsaum og katedralvindu.
Saum over papp
1 ferdig blokk !! Det kan bli ei pute dersom eg ikkje orkar sy meir.
Starten på ei blokk til.
Her er ei blokk ferdig, to som eg har starta å sy på. Det kan bli ein løpar når alle tre blokkene er ferdige. Men eg har som mål å sy 9 stk !!!! So får tida vise kva det blir til.
I sommar var eg på tur til Oslo. Då måtte eg innom Kathrines Quilte Stue. Der hadde dei utstilt ein nydelig fin duk. Men eg sa klart i frå at saum over papp ikkje var noko for meg, men......
Den som reiste heim med masse stoff, malar og diverse anna, det var meg.
Hadde litt startvanskar. Då kontakta eg Elin. Ho hjalp meg. Kom med gode råd og tips. Og då var det bare å sy i vei. Det er faktisk ein kjekk teknikk. Det hadde eg aldri trudd eg skulle sei, men det er sant. Stikk innom bloggen til Elin. Ho har sydd mykje over papp. http://www.lappetausa.blogspot.no/
Eg håpar eg klarer å sy alle 9 blokkene. Skal blogge om det etter kvart...............

TØFFLER
Det går raskt mot den tida at vi treng tøffler. Då er det greit å ha dei klare. Strikka i melert Fritidsgarn.
Merkelige greier :( Når eg skriv innlegga so ser eg at overskrifta er tøffler med ø, men når det kjem på bloggen so står det med o .
Merkelige greier :( Når eg skriv innlegga so ser eg at overskrifta er tøffler med ø, men når det kjem på bloggen so står det med o .
Pulsvarmarar
Har hekla pulsvaramarar i ein blågrå farge med sølvtråd i. Fin effekt. Garnet er kjøpt på Daiva sin butikk.
Her var det ein liten luring som ville vere med på bilde. :)
Her var det ein liten luring som ville vere med på bilde. :)
SYLTE
Har laga sylte. To nye sortar. Den eine med rips og nektarin. Den andre sylta er med stikkelsbær, druer, kiwi, kanel og lime. Den var kjempegod ! Kjekt å prøve nye smakar.
tirsdag 23. juli 2013
TOALETTVESKE
Har sydd ei lita toalettveske. Mønsteret fann eg på ein blogg som eg ikkje hugsar namnet på akkurat no, men eg skal sy fleire så då skal eg få orden på det :) Den var kjekk å sy.
Etter........
Har planta ein Lewisia. Skal få sjå heile berget seinare ein gong.
Slik ser berget ut når det er rydda for alt av gras, røtter og mold.
Slik ser berget ut når det er rydda for alt av gras, røtter og mold.
PEONAR
Her er nokre bilder av peonane mine. Eg er veldig glad i peonar og det blir nok fleire av dei i hagen min framover. Har fleire som ikkje har blomstra enno. Det blir vel eit par år til tenkjer eg....
Abonner på:
Innlegg (Atom)