fredag 28. oktober 2016

Herregensar

Ny gensar til mannen i huset ;) Mønsteret har eg funne i eit gammalt Alt om handarbeid. Har gjort om litt på mønsteret fordi før var gensarane mykje vidare både i erme og på bulen. Heile gensaren består av fletter og rette og vrange masker som dannar eit sikksakkmønster. Dropsgarnet er kjøpt på Fantasi.

torsdag 20. oktober 2016

Strikka gensar

Her har eg kopiert ein gammal gensar som eg hadde som tenåring. Veit ikkje kor mønsteret kjem ifrå, men eg er veldig glad i mønsteret. So då måtte det bli ein ny gensar i nye fargar. Den gamle gensaren hadde svart, blått og oransj som fargane i borda og sjølve gensaren var grå.

onsdag 19. oktober 2016

Katedralvindu og dies

 Her har eg sydd ein pose med katedralvindu som pynt på den. Eg har brukt svarte og kobberfarga julestoff som er kjøpt på Fantasi.


To mugrug som er pynta med juletre som eg har stansa ut med diesen. Har brukt stoppefoten når eg har sydd fast juletrea og quiltinga rundt trea.

tirsdag 11. oktober 2016

Strikkepinnar :)

 Stor og flott mappe til å ha strikkepinnane mine i.
 MYKJE arbeid med denne, men blei kjempefornøgd :) Fikk ikkje plass til alle pinnane so må nok sy fleire, men det blir noken enklare. Ein til strømpepinnar og ein til rundpinnar.

mandag 10. oktober 2016

Quilt as you go

 Fin måte å få brukt opp litt av stoffrestane sine på.
 Broderi og knappar pyntar opp veskene.


lørdag 8. oktober 2016

Grå liten pung

 Fin måte å få brukt opp litt smårestar av blonder. Her har eg sydd blondene på eit kvitt stoff, pynta med perler og deretter sydd det grå stoffet rund.

fredag 7. oktober 2016

Crosscutquilt

 9 blokker på rekke og rad. Ferdige kutta 9" til å bli sydde isaman.
 Etter at dei var sydde i saman blei dei kutta igjen. No bare 6,5"
 Då var det bare å pusle dei isaman til ein løpar. Har tre blokker igjen som kanskje blir spisebrikker.
 Hadde problem med å finne ut korleis eg skulle quilte ........So då blei det enkle striper over det heile. Enkelt og greit. ;)
Dette var ein kjekk teknikk. Ganske kjapp å sy egentlig. Det var Elin på http://lappetausa2.blogspot.no/ som inspirerte meg til å sy den. Ho hadde med seg ein kjempestilig løpar på siste quiltemøte.