To små mugrug i blått og grått
Har tegna blomstren sjølv. Blomstren har eg før brukt på ei veske bl.a. Til mal på mugrugen har eg brukt Hexnmore linjalen.
lørdag 24. juni 2017
søndag 28. mai 2017
Mysterie quilt
Skal tru om eg blir ferdig med denne nokon gong?? I desember blei eg med i ein mysteriequilt. Då hadde vi fått vete kva fargar vi skulle bruke og so fikk vi kvar veke litt info om dei forskjellige småblokkene som vi skulle sette i saman og etterkvart blei det større blokker. Alt i verste julestria. ;) Eg blei sjølvsagt ikkje ferdig...........og etter jul skulle eg flytte arbeidsrommet mitt. Dvs at eg måtte pakke ned alt. Og der blei teppet liggande leeeeenge.Dette er noke Bonnie K Hunter gjer kvart år i desember. Dette var fyrste gong for meg og veit ikkje om eg blir med fleire gongar.......vi får sjå om eg blir ferdig med teppet og om eg syns det var ok. :)
fredag 10. mars 2017
Søstre for søstre.
Då har eg sydd to toalettvesker som er levert til aksjonen søstre for søstre.
Toalettveskene blir levert på krisesentra rundt om i Norge. Då ei dei fylt med såper, tannkost mm. til ein verdi av 200 kr. Vil du lese meir kan du gå inn på FBgruppa: søstre for søstre. Det er Desiree som har starta aksjonen.

torsdag 9. mars 2017
Vaffelkaker
Er so heldig å ha fått ei gammal bakebok. Finn ikkje årstalet den er trykt, men fleire plassar i boka står det 1929 1930. Her er det brød, kaker, paier og desserter. Og no har eg prøvd meg på tørre vafler eller vaffelkaker som det står i boka. Kjempegode! Eg syns dei er gode med brunost på ;)
tirsdag 7. mars 2017
Lita toalettveske
Denne er sydd av bare små restar
Her er litt av den kvite haugen med stoff ;)
Eg stryk stoffremsene på vliselin. Tett i tett.
Etterpå syr eg dei faste med forskjellige dekorsaumar. Fin måte å få prøve dekorsaumane
Då har eg fått laga meg eit nytt stoff av bare restar og ingen har maken ;) Klart for å sy veska.
Pynta med perler til slutt.

onsdag 1. mars 2017
Fugleflokken
Fugleflokken av Anne Beier Finnestad.
Passar fint å gjere denne ferdig no 1. Mars. I kveld skal eg på quiltemøte og då skal eg sy ferdig lukkekanten og sy på auge til fuglane
Ein blir i godt humør over slike koselige fuglar :)
Passar fint å gjere denne ferdig no 1. Mars. I kveld skal eg på quiltemøte og då skal eg sy ferdig lukkekanten og sy på auge til fuglane
Ein blir i godt humør over slike koselige fuglar :)
lørdag 4. februar 2017
Abonner på:
Innlegg (Atom)