tirsdag 11. oktober 2016

Strikkepinnar :)

 Stor og flott mappe til å ha strikkepinnane mine i.
 MYKJE arbeid med denne, men blei kjempefornøgd :) Fikk ikkje plass til alle pinnane so må nok sy fleire, men det blir noken enklare. Ein til strømpepinnar og ein til rundpinnar.

mandag 10. oktober 2016

Quilt as you go

 Fin måte å få brukt opp litt av stoffrestane sine på.
 Broderi og knappar pyntar opp veskene.


lørdag 8. oktober 2016

Grå liten pung

 Fin måte å få brukt opp litt smårestar av blonder. Her har eg sydd blondene på eit kvitt stoff, pynta med perler og deretter sydd det grå stoffet rund.

fredag 7. oktober 2016

Crosscutquilt

 9 blokker på rekke og rad. Ferdige kutta 9" til å bli sydde isaman.
 Etter at dei var sydde i saman blei dei kutta igjen. No bare 6,5"
 Då var det bare å pusle dei isaman til ein løpar. Har tre blokker igjen som kanskje blir spisebrikker.
 Hadde problem med å finne ut korleis eg skulle quilte ........So då blei det enkle striper over det heile. Enkelt og greit. ;)
Dette var ein kjekk teknikk. Ganske kjapp å sy egentlig. Det var Elin på http://lappetausa2.blogspot.no/ som inspirerte meg til å sy den. Ho hadde med seg ein kjempestilig løpar på siste quiltemøte.

torsdag 6. oktober 2016

Boksar

 Her har eg sydd trekk til tennbrikettboksane. Mykje finare med trekk på.
 Her har eg brukt ein dies til å stanse ut stjernene. Pynta med kroklisser

tirsdag 4. oktober 2016

Mugrug

 Ein liten haug med mugrug
 Kjekt å kunne bruke opp dei små bitane med stoff. Slik som eg har gjort her. Eit stoff med blå blomstra på og sydd rundt med kvite stoff. På dei andre har eg brukt eit stoff og pynta med ei gammal hekla brikke.



 Her har eg pynta med sommarfuglar som er stansa ut med ein dies.
Hjerter som bare er pynta med knappar. Egentlig nok pynt :)

mandag 3. oktober 2016

Spisebrikker


To enkle sett spisebrikker. Det eine paret er pynta med blonder og knappar. Det andre paret har tre forskjellige stoff som er brette i trekantar og sydd inn i lukkekanten. Enkelt og greit. :)