fredag 13. mars 2015

Toalettveske.............snart

 Har brukt stoffmaling på det kvite stoffet. Litt blått, svart og sølvmaling. Har quilta med sølvtråd, det viser ikkje so godt på bildet.
Har du studert innsida av ein Colaboks? Den er sølvfarga. Har sydd den fast med sølvtråd.

mandag 9. mars 2015

Pose

 Har brukt decopage på linposen og pynta med perler.

Løpar med hjerter i stoffmaling

 Her har eg sydd ein løpar, malt hjerter på den og pynta med ei fin blonde
 Bildet ville helst vere opp/ned.
Har quilta rundt hjertet og pynta med perlemorsknapp. Nydelig fin blonde. Kjøpt på Fantasi.

torsdag 26. februar 2015

Turkis hjerte med stoffmaling

 Eit fint oppheng kjøpt på Bademiljø Sandane
Har brukt bare småbitar både på hjertet og på bakstykket. På bakstykket har eg pynta med ein del av ein liten hekladuk og på hjetet er der malt med stoffmaling og pynta med tyll og perler.

tirsdag 24. februar 2015

Stoffmaling

 Moro med stoffmaling. Her har eg stempla på stoffet. Dette skal bli eit bilde.

Og her har eg malt med pensel. Dette skal bli ein løpar, skal vise meir seinare når den er ferdig.