lørdag 14. februar 2015

Tanta Mia

 Dette er eit gammalt mønster i frå AnnAKa.
 Løpar i fine grøne stoff. Brodert med svart tråd og pynta med knappar.
Stoffene er kjøpt på Bademiljø Sandane.

onsdag 11. februar 2015

Pute

 Her er ei pute med rysjekant og hjerter som er aplikert på. Hjertene skal eg skrive meir om ein annan gong.
På baksida har eg sydd i eit blondeglidelås og pynta med hjerteyoyo og ei lita perle.

Gryteklutar

 Her har eg laga runde gryteklutar. Trur det er fyrste gong. Har alltid sydd firkanta gryteklutar med lukkekant og det heile. Har egentlig aldri likt å sy gryteklutar. Vanskelig å lage dei fine, men desse var kjekke å sy. Kjapt var det og ;)
Stoffene er i frå Bademiljø Sandane.

tirsdag 10. februar 2015

Stoffmaling

 Stoffmaling er moro. Her har eg bare brukt ein pensel og mala for frihand. Ja.... og so har eg "spruta" litt sølvprikkar over det heile til slutt. ;)

Gamle skatter

Har sydd eit veggteppe til ei lita jente. Det er brukt putetrekk, dynetrekk, løparar, forkle og nokre små brikker. Alt er gamle skattar i frå slekta hennar. Lilla halvlin til botnen. Lukkekanten er sydd av dynetrekket.

mandag 9. februar 2015

Pose til påskegodteriet

 Har sydd ein pose og pynta den med decopage. Servietten som eg har brukt har fleire fine motiv på som kan brukast til slikt. Kan vere ok gave og gje vekk med litt smågodt og ein pakke serviettar oppi. ;)
Eg brukte to bilder som eg sette tett i tett.

Ny løpar til våren





I nr. 6/2014 av quiltemagasinet stod denne løparen av AnnAKa. Eg har sydd den av fine Tildastoff kjøpt på Bademiljø. Fuglane er sydde av div. grå/svarte stoff.