søndag 13. april 2014

tirsdag 8. april 2014

Rosa toalettveske

 Ei toalettveske som var kjapp å sy. På mønsteret skulle ein bruke blondeglidelås, men det hadde eg ikkje so då måtte eg pynte eit vanlig glidelås med blonde. Det går so fint......:)
 Toalettveska er til "lisjejenta" i huset.
Har fått dilla på å sy Yoyo hjerter. Veldig enkle og gjer seg som pynt på mange ting. Pyntar ein med ei perle og so blir det bra :)

fredag 4. april 2014

LITA TOALETTVESKE


 Har quilta etter kvart som eg har sydd på lappane.
Har sydd på ei lite hjerte. Det er innsida av ein ølboks. :)

Spisebrikke

Spisebrikke i lilla

Toalettveske

 Ein liten "diamant" som eg har pynta toalettveska med.
Sydd i saman fleire stoffbitar og quilta med sølvtråd.

torsdag 3. april 2014

KORGER

 Har sydd ei korg i lin og pynta hjørnene med perler. Måtte ha korga i nøytral farge slik at den passa til påskeløparen min. Løparen er sydd for fleire år sida, men er like glad i den i dag. Kanskje ikkje dei heilt skarpe påskefargane,men det passar flott i heimen.
Ei korg i lilla og kvitt med silkeband.

tirsdag 25. februar 2014

VÅR

Har foreviga ei lita tue med snøklokker. I fjor vår forsvant det ei større tue med snøklokker i frå hagen min. Veit ikkje heilt kva som har skjedd, men det var bare ei stor grop der dei hadde stått. Det blei forhør av alle familiemedlemmane (sjølvsagt), men dei er utanfor all mistanke. Hadde det vore ein spesiell sort snøklokker hadde eg forstått at dei forsvann , men det er heilt vanlige.....ja, ja :)